Kommandoen
vert brukt til å setje nøyaktig posisjon for dei synlege laga, dvs. dei som er merkte med «auge»-ikonet i lagmenyen. Dette er særleg nyttig når du arbeider med animasjonar, som svært ofte har mange små lag. Klikkar du på kommandoen, opnar det seg eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del verdiar for plasseringa.
![]() |
Notat |
---|---|
I GIMP 1.2 var det øverste synlege laget utgangspunktet for innrettinga. I GIMP 2 er utgangspunktet kantane på lerretet. Du kan også bruke botnlaget som basis for innrrettinga, sjølv om det ikkje er synleg, ved å markere for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis i dialogvindauget. |
Figur 16.84. Eksempel på innretting
The example image contains four layers on a large (150×150 pixel) canvas. The red square is 10×10 pixels, the green rectangle is 10×20 pixels and the yellow rectangle is 20×10 pixels. The background layer (blue, 100×100 pixels) will not be affected by the command, since the Ignore lower layer option has been checked on the dialog. Note that the layers in the image seem to have a different order than their actual order in the stack because of their positions on the canvas. The yellow layer is the top layer in the image and the second one in the stack.
Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via
→ . Det er ingen snartastar for dette valet. Dersom biletet inneheld berre eitt lag, får du melding om at funksjonen berre kan brukast når det er fleire lag i biletet.Desse vala bestemmer korleis laga skal flyttast i høve til kvarandre. Du har valet mellom:
Ingen: Ingen endringar i nokon retning.
Samla: Dei synlege laga vert innretta slik det er bestemt i Horisontal basis og Vertikal basis. Dersom du set Horisontal basis til Høgre kant, kan du risikera at laga forsvinn frå lerretet. Du kan hente dei fram igjen ved å forstørra lerretet. Dersom du har markert for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis, vert laga innretta på det øvre, venstre hjørnet av botnlaget.
Figur 16.87. Horisontal «Samla» innretting (etter kanten av lerretet)
Originalbiletet med lagstabelen
Laga er flytta slik at den venstre kanten er innretta etter den venstre kanten på lerretet.
Figur 16.88. Horisontal «Samla» innretting (etter botnlaget)
Originalbiletet med lagstabelen
Laga er flytt horisontalt slik at den venstre kanten fluktar med den venstre kanten til botnlaget.
Fyll (frå venstre til høgre); Fyll (frå topp til botn): Dei synlege laga vert innretta etter lerretet i høve til den kanten du valde med Horisontal basis eller Vertikal basis. Laga vert sett opp slik at dei ikkje overlappar kvarandre. Topplaget i stakken vert sett heilt til venstre, eller øvst) i biletet. Botnlaget vert sett lengst til høgre (eller nedst) i biletet. Dei andre laga vert fordelte jamnt mellom desse to plasseringane. Dersom det er merkt av for Bruk det (usynlege) botnlaget som utgangspunkt, vert laga innretta i høve til den tilsvarande kanten i botnlaget.
Figur 16.89. Horisontal «Fyll» innretting (lerret)
Originalbiletet med lagstabelen
Horisontal fylling, venstre til høgre, utan avmerking for Bruk det (usynlege) botnlaget som basis. Topplaget i lagstabelen, det grøne, er sett heilt til venstre. Botnlaget i lagstabelen, det raude, er sett heilt til høgre. Det gule laget er sett mellom desse to.
Figur 16.90. Horisontal «Fyll» innretting (botnlaget)
Originalbiletet med lagstabelen
Dei same parametra som i det førre eksemplet, men med det nedre, blå, laget som basis.
Fyll (høgre til venstre); Fyll (botn til topp): Desse verkar som dei ovanfor, men i omvendt rekkefølgje.
Figur 16.91. Vertikal «Fyll» innretting (botnlaget)
Originalbiletet med lagstabelen
Vertikal «Fyll» innretting, botn til topp. Botnlaget som basis
Det må vere minst tre synlege lag i biletet for å kunne bruke «Fyll»-innstillingane.