I denne bolken kan du læra korleis du kan laga enkle objekt i GIMP.
Lat oss byrja med å teikna ei rett linje. Den lettaste måten er å gjera dette med eitt av teikneverktøya, datamusa og tastaturet.
Lag eit nytt bilete
Lag eit nytt bilete.
Vel eit verktøy
Vel eit penselverktøy frå verktøykassen, for eksempel blyanten eller målarpenselen.
Vel ein farge
Vel ein forgrunnsfarge, men forsikra deg om at forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen er ulike.
Opprett eit startpunkt
Lag eit startpunkt ved å klikke på området for biletvisinga med den venstre museknappen.
Teikna linja
Hald nede Shift-tasten medan du flytter musepeikaren bort frå startpunktet. Du vil sjå ei tynn linje som indikerer kvar streken din vil hamna.
Gjer linja ferdig
Viss du er nøgd med retninga og lengda på linja, trykk på den venstre museknappen for å teikna linja. Det siste steget er å gå til Shift-tasten. Dette gjer at GIMP viser ei rett linje.