I dette dialogvindauget får du umiddelbar informasjon om posisjonen til musemarkøren og kanalverdiane i den valde fargemodellen for den pikselen det vert peika på.
Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».
Du har tilgang til det:
frå biletmenyen via
→ → .frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge som kan limst inn ved å klikka på fana og velja → .
Viser posisjonen til pikselen det vert peika på i x-koordinat (horisontalt) og y-koordinat (vertikalt) med det øvre, venstre hjørnet som utgangspunkt (0,0).
Viser koordinata i tommar.
Denne informasjonen er slått på når det finst eit utval. X og Y er koordinata for det øvre, venstre hjørnet for rektangelet som omgir både rektangel- og ellipseutvala. H og B er høgda og breidda for denne boksen.
Denne informasjonen finst også for andre utval, men er av liten interesse og avgrensingsboksane er ikkje synlege.
Informasjonen om utvalet vert ikkje endra om du brukar eit anna verktøy, men koordinata for peikaren vert endra.
Kanalverdiane for den valde fargemodellen er viste nedanfor. Begge nedtrekksmenyane inneheld dei same vala slik at du lett kan samanlikne fargeverdiane for ein bestemt piksel i ulike fargemodellar. «Hex» er HTML-notasjonen for pikselfargen. Vala i nedtrekksmenyane er:
Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som tal mellom 0 og 255.
Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent og som heksadesimal.
Kanalverdien i HSV. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.
Kanalverdien i CMYK. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.
Dersom dette valet er avkryssa, som er normalinnstillinga, vil flettinga gjelda alle laga. Elles vil flettinga berre gjelda det laget som er i bruk.