2.3. Ellipseutvalet

Dette verktøyet vert brukt for å laga elliptiske (ovale) eller sirkelrunde utval i eit bilete, eventuelt med kantutjamning og mjuke kantar om du ønskjer det.

Du kan også bruka dette verktøyet for å teikna sirklar eller ellipsar på eit bilete. Lag eit ellipseutval og fyll dette ved hjelp av fyllverktøyet. Ønskjer du berre å teikna omrisset, kan du i staden streka opp utvalet med høveleg farge og strok. Kvaliteten på kantutjamninga med denne metoden er imidlertid nokså grov. Ein annan metode som er vanskelegare, men gjev betre kvalitet, er å laga to konsentriske elliptiske utval med litt ulik storleik og subtrahera den innerste frå den yttarste. Dette er ikkje alltid like lett å få til, så då er kanskje kommandoen UtvalRamme ei betre løysing.

2.3.1. Slik slår du på verktøyet

Du kan slå på verktøyet på mange måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaEllipseutval.

  • Ved å klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.

  • Ved å bruka snarvegen E.

2.3.2. Valtastar

[Notat] Notat

Mange av valtastane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Del 2.1.1, «Valtastane (normalinnstillinga)». Berre tastekombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Ctrl

Trykkjer du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig, vert startpunktet brukt som sentrum i utvalet i staden for å verta eit av hjørna i det tenkte rektangelet som omgjev figuren. Trykkjer du ned Ctrl-tasten før du byrjar markeringa, vert det nye utvalet trekt frå det gjeldande utvalet.

Shift

Trykkjer du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa og held han nede til du er ferdig, vert utvalet avgrensa til ein sirkel. Trykkjer du ned Shift-tasten før du byrjar markeringa, vert det nye utvalet lagt til det gjeldande utvalet.

Ctrl+Shift

Held du nede desse to tastane vert det laga eit rundt utval sentrert på startpunktet.

2.3.3. Å bruka verktøyet

Figur 14.10. Eksempel på ellipseutval.

Eksempel på ellipseutval.

Når dette verktøyet er vald, vert dette vist ved at musemarkøren syner ein sirkel. Verktøyet teiknar ein sirkel eller oval inne i eit rektangel. Når du slepp opp museknappen vert sirkelen vist med ei prikkelinje («marsjerande maur»). Dersom det er nødvendig, kan du finjustera sirkelen ved å ta tak i ein av firkantane i hjørnet av rektangelet og dra dit du måtte ønskje.

Du finn meir om dette i Del 2.2.3, «Å forandra utvalet».

2.3.4. Innstillingar

Figur 14.11. Innstillingane for verktøyet «ellipseutval»

Innstillingane for verktøyet «ellipseutval»

Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelVerktøyinnstillingar som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet.

Modus, Kantutjamning, Mjuke kantar
[Notat] Notat

Mange av innstillingane er felles for alle utvalsverktøya og er nærare omtalte i Innstillingar for utvalsverktøy. Berre innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Dei andre innstillingane

Dei andre innstillingane er dei same som verktøyinnstillingane for rektangelutvalet.