4.3. Dokumentlogg

Figur 15.65. Dialogvindauget for dokumentloggen

Dialogvindauget for dokumentloggen

Dette dialogvindauget opnar ei liste over dokument, dvs. bilete, du har opna tidlegare. Denne loggen er fyldigare enn han du får frå «tidlegare opna filer» i verktøykassa.

4.3.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • Frå hovudmenyen: VindaugeDialogvindaugeDokumentlogg.

  • Frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge ved å klikka på fana og velja Legg til faneDokumentlogg.

  • Frå hovudmenyen via FilOpna tidlegare brukteDokumentlogg.

4.3.2. Å bruka dialogvindauget for dokumentloggen

Ved hjelp av rulleknappen kan du bla deg gjennom alle bileta du har opna tidlegare.

Frå fanemenyen i dokumentloggen kan du velje mellom to ulike visingsformer: Vis som tabell, som viser bufferen i nettopp tabellform, og Vis som liste, som viser bufferane linje for linje der kvar linje viser ei førehandsvising av bufferinnhaldet, namnet og storleik i pikslar. Sjå i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)» korleis du kan tilpassa førehandsvisinga.

[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkjefil. Sjå Vis som liste/tabell

Knappen Opna den valde oppføringa eller menyvalet Opna bilete på sprettoppmenyen for dialogvindauget kan brukast for å opna det valde bilete. Dersom du held nede Shift-tasten samstundes, vert biletet lyft opp og sett fremst på skjermen. Held du nede Ctrl-tasten samstundes med at du trykkjer på knappen, vert dialogvindauget «Opna biletet» opna.

Du kan bruka knappen Fjern den markerte oppføringa eller Slett oppføringa på sprettoppmenyen for dialogvindauget for å fjerna biletet frå logglista. Biletet vert berre fjerna frå lista over tidlegare opna bilete, ikkje frå lagringsmediet.

Bruk knappen Tøm heile filloggen eller kommandoen Tøm loggen i sprettoppmenyen for dialogvindauget for å fjerna alle filene frå loggen.

Bruk knappen Oppdater førehandsvisinga eller Oppdater førehandsvisinga på sprettoppmenyen for dialogvindauget dersom det er gjort endringar i biletet. Dersom du samstundes held nede Shift-tasten, vert alle førehandvisingane oppdaterte. Held du nede Ctrl-tasten medan du trykkjer på knappen, vert alle oppføringar som er forsvunne frå den oppførte adressa, og altså ikkje kan lastast inn på nytt frå dokumentloggen, fjerna.

4.3.2.1. Sprettoppmenyen for dokumentloggen

Figur 15.66. Sprettoppmenyen for dokumentloggen

Sprettoppmenyen for dokumentloggen

Oversyn

Du kan få fram sprettoppmenyen for dokumentloggen ved å høgreklikka i dialogvindauget for dokumentloggen eller ved å opna undermenyen Dokumentmeny i fanemenyen merkt med eit triangel. Fleire av operasjonane er også tilgjengelege som knapper nedst i vindauget. Desse operasjonane er dokumenterte ovanfor. Resten er lista opp nedanfor.

Kopier biletadressa

Kopier biletadressa. Kopierer stien til det valde biletet inn i utklippstavla.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamaren: opnar plasseringha av det valde biletet i standard filutforskar.