6.26. Mapper

Figur 15.101. Grunnleggjande mappepreferansar

Grunnleggjande mappepreferansar

Her kan du bestemma plasseringa av to viktige mapper som GIMP brukar som mellomlager for filer. Du kan forandra mappene ved å skriva inn fullstendig bane og mappenamn, eller du kan leita deg fram ved å trykkja ellipseknappen til høgre for namnet. I kapitlet Datamapper finn du meir om korleis du kan tilpassa andre mapper for bruk i GIMP.

Mapper

Mellombels mappe

Denne mappa vert brukt for mellombels (temporære) filer. Dette er filer som vert brukte for å lagra arbeidsdata og vert sletta når det ikkje er bruk for dei meir. Til vanleg treng ikkje desse filene så mykje plass. Dersom du ikkje har forandra på det, vert desse filene plasserte i undermappa tmp i den private katalogen din. Skulle denne harddisken vera overfylt eller ha andre problem med å fungera skikkeleg, kan du flytta desse filene til ein annan katalog eller ein annan harddisk. Det einaste kravet er at mappene må finnast og at du har full tilgang til dei.

Vekselmappe

Denne mappa vert brukt som ein «minnebank» når mengda av data og bilete opna i GIMP overgår det som er tilgjengeleg i maskinminnet (RAM). Dette kan skje dersom du arbeidar med store bilete eller bilete med mange biletlag. Har du mange bilete opne samstundes, vil også dette krevja mykje minneplass. Som andre program for bilethandsaming, er også GIMP storforbrukar av RAM. Normalt vert desse filene lagra i den private mappa di, men dersom du har ein annan harddisk med betre plass tilgjengeleg, kan du byta til denne. Det einaste kravet er at mappene må finnast og at du har full tilgang til dei.