2. Hovudvindauge i GIMP

Grensesnittet for GIMP er tilgjengeleg i to mudus:

Første gongen du opnar GIMP, vert det opna i enkeltvindauge-modus. Du kan byta til multivindauge-modus ved å fjerna avmerkinga for VindaugeEnkeltvindauge-modus i hovudmenyen. Neste gong du opnar GIMP vert det opna i den modusen du har vald.

Multivindauge-modus

Figur 3.2. Eit skjermbilete viser multivindauge-modus.

Eit skjermbilete viser multivindauge-modus.

Skjermbiletet over syner eit vanleg og effektivt oppsett av multivindauge for GIMP.

Her kan du sjå to panel med eit biletvindauge i midten. Eit anna bilete er delvis maskert. I det venstre panelet er verktøykassa og menyen for verktøyinnstillingane samla. I tillegg finn du her også utstyrsstatus, angreloggen og biletdialogvindauget. Det høgre panelet inneheld penslar, mønsterelement, skrifttypar og dokumentloggen i eit dokkpanel og lag, kanalar og banar i eit anna.

  1. Verktøykassen: Inneheld ein del symbol som du kan trykkja på for å velja verktøy. I normaloppsettet vert også for- og bakgrunnsfargane viste. Du kan også leggja til pensel, mønsterelement, fargeovergang og eit ikon for det gjeldande biletet. Bruk RedigerBrukarinnstillingarVerktøykasse for å endra innstillingane her.

  2. Verktøyinnstillingar: Like under verktøykassen er det limt inn eit dialogvindauge som viser innstillingane for det gjeldande verktøyet (i dette tilfellet flytteverktøyet).

  3. Biletvindauga: Kvart bilete som vert opna i GIMP, vert vist i eit eige vindauge. Kor mange biletvindauge du kan ha opne samstundes, vert bestemt av ytingane til datamaskinen din, ikkje av GIMP. Det er ikkje råd å gjera noko nyttig i GIMP utan at minst eitt biletvindauge er ope. I biletvindauget finn du også menylinja med hovudmenyane (Fil, Rediger, Utval osv). Desse menyane er også tilgjengelege ved å høgreklikka i vindauget.

    Eit bilete kan vera større enn biletvindauget. Då vil GIMP vise biletet forminska slik at heile biletet er synleg i vindauget. Dersom du viser biletet i 100 % vising, vil det dukka opp rullefelt i kanten av vindauget slik at du kan flytta biletet innføre vindauget.

  4. Panelet Penslar, Mønsterelement, Skrifter, Dokumentlogg ‒ merk at dialogvindauga er faner. Penselfana er ope: viser penseltypen som vert brukt av teikneverktøya.

  5. Lag, kanalar, banar: Det innlimte dialogvindauget under penseldialogvindauget viser fanene for å administrera lag, kanalar og banar. Lag-fanen er ope: ho viser lagstrukturen til det gjeldande biletet og kan handsamast på mange ulike måtar. Det er mogleg å gjera nokre få heilt grunnleggjande ting utan å bruka lag-dialogvindauget, men sjølv moderat sofistikerte GIMP-brukarar finn det fornuftig å ha lagdialogvindauget tilgjengeleg heile tida.

Handtering av dialogar og innlimingsvindauge er omtalte i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Enkeltvindauge-modus

Figur 3.3. Eit skjermbilete viser enkeltvindauge-modus.

Eit skjermbilete viser enkeltvindauge-modus.

Du finn dei same elementa som i multivindauge-modus, men med litt andre handsamingsmåtar:

  • Venstre og høgre panel er faste. Du kan ikkje flytta dei. Men du kan endra breidda på dei ved å dra flyttepeikaren som kjem fram når musepeikaren er over høgre kant på det venstre panelet. Dersom du vil behalda det venstre panelet smalt, bruk glidebrytaren nedst i verktøyinnstillingane for å bla deg gjennom visingsinnstillingane.

    Dersom du reduserer breidda på eit dokkpanel med fleire faner, vert det kanskje ikkje plass til alle fanene. Då dukkar pilspissane , opp slik at du kan rulla deg gjennom fanene.

    Som i multivindauge-modus, kan du gøyma desse panela ved å bruke tasten Tab.

  • Biletvindauget brukar heile plassen mellom panela.

    Når fleire bilete er opne, vert det vist ei linje over biletvindauget med ein fane for kvart bilete. Du kan navigera deg frå bilete til bilete ved å klikka på fanene eller ved å bruka anten Ctrl + Page Up eller Page Down eller Alt + Tal. «Tal» er tabulatornummeret. Bruk taltastane øvst på tastaturet, ikkje taltastaturet. (I nokre språkoppsett må du bruke Alt + Shift i tillegg).

Dette forslaget kan du sjå på som eit minimumsoppsett. Det finst eit tital andre dialogvindauge som vert brukte av GIMP til ulike føremål, men som oftast hentar brukaren desse fram når det er behov for dei, og stengjer dei igjen etter bruk. Det vanlegaste er å ha verktøykassen med verktøyinnstillingane og lagdialogvindauget tilgjengelege heile tida. Verktøykassen er viktig for det aller meste du gjer i GIMP. Verktøyinnstillingane er eigentleg eit eige dialogvindauge som på biletet over er limt inn like under verktøykassen. Dett er ganske praktisk i og med at det er vanskeleg å bruka verktøya effektivt utan å sjå korleis dei er innstilte. Lagdialogvindauget vil alltid vera i bruk når du arbeidar med lagdelte bilete, det vil i praksis seia omtrent alltid. Det er vel heilt unødvendig å nemna at det også er praktisk å ha biletet framme når du arbeidar på det. Dersom du prøver å lukka biletvindauget utan å lagra vil GIMP spørja deg om du verkeleg vil dette.

[Notat] Notat

Dersom skjermen din etter kvart vert noko rotete, er det heldigvis lett å få fram igjen det tidlegare brukte oppsettet ditt ved å gå inn på biletmenyen VindaugeNyleg lukka dokkpanel. Dette menyvalet er berre tilgjengeleg når det er eit opna bilete i biletvindauget. For å leggja til, løyse eller lukka ei fane frå dokkpanelet, klikk på fanesymbolet i det øvre, høgre hjørnet og klikk deretter på Legg til fane, Løys fane eller Slett fane alt etter kva ønskje du har.

Dei neste avsnitta vil føra deg gjennom dei ulike komponentane i kvart av vindauga viste på skjermbiletet, og forklara korleis dei kan brukast. Når du har lese gjennom dette, pluss avsnittet som forklarar dei grunnleggjande strukturane for eit GIMP-bilete, bør du ha lært nok til å kunna bruka GIMP til det meste du måtte ha bruk for innan bilethandsaming. Deretter kan du kikka gjennom resten av handboka ein dag du finn tid til det, eller du står fast på eit problem. Du vil truleg verta overraska over dei nærast utallege subtile og spesialiserte måtane du kan bruke GIMP på. Ha det morosamt!

2.1. Verktøykassen

Figur 3.4. Verktøykassen

Verktøykassen

Alt i GIMP er bygd opp omkring verktøykassen. Her er ein rask gjennomgang av kva du kan finna i verktøykassen.

[Tips] Tips

I verktøykassen, som i det meste av GIMP elles, kan du la musepeikaren kvile ei lita stund over eitt eller anna, og det vil til vanleg dukka opp ei lita melding som fortel kva dette er og kva det kan brukast til. I mange tilfelle kan du også trykke F1-tasten for å få meir hjelp om det som er under musepeikaren.

Som standard er berre forgrunnsfarge og bakgrunnsfarge synleg. Du kan leggja områda for pensel ‒ mønsterelement ‒ fargeovergang og symbolet for å visa det gjeldande biletet i RedigerBrukarinnstillingarVerktøykassen: Verktøyoppsettet.

  1. GIMP-logoen: Øvst i verktøykassen kan du klikka og dra og sleppa bilete frå ein fillesar til dette området eller inn i verktøyikona for å opna bileta. Du kan gøyma denne logoen ved å fjerna merket for Vis GIMP-logo i Verktøykasseinnstillingane.

  2. Verktøysymbola: Desse symbola er knappar som du kan trykkja på for å slå på verktøya for dei ulike føremåla. Dette kan vera for å velja ut delar av biletet, teikna på biletet, omforma bileta osv. Du finn meir om dette i Del 1, «Verktøykassa». Her finn også eit oversyn over korleis du kan arbeida med verktøya. Dei einskilde verktøya er nærare omtala i kapitlet om verktøya.

  3. Forgrunnsfargar og bakgrunnsfargar:

    Fargeområdet viser GIMPsin gjeldande forgrunns- og bakgrunnsfarge som vert brukt til teikning, fylling og mange andre operasjonar. Ved å klikka på eit av dei, får du opp eit dialogvindauge for fargeveljing slik at du kan endra fargen.

    Klikkar du på det vesle symbolet nedst til venstre vert forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen sett tilbake til svart og kvit. Du kan trykkja tasten D for å oppnå det same.

    Klikkar du på pila med pilspissar i kvar ende, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane bytta plass. Du kan trykkja tasten X for å oppnå det same.

  4. Pensel/Mønsterelement/Fargeovergangar: Symbola her viser gjeldande val for desse. Penselen vert brukt av alle verktøya som du kan mala på biletet med. («Maling» i dette tilfellet inkluderer også visking og å gjera biletet meir utydeleg). Mønsterelementet vert brukt for å fylla utvalde område på biletet. Fargeovergangen vert brukt kvar gong eit verktøy har behov for gradvise overgangar mellom fargar eller fargenyansar. Klikk på kvart av symbola for å få opp dialogvindauget som gjev deg høve til å endra innstillingane.

  5. Gjeldande bilete: I GIMP kan du arbeida med mange bilete samstundes, men berre eitt av dei er til ei kvar tid i bruk. Her finn du ein miniatyr av det gjeldande biletet. Klikkar du på miniatyren, kjem det opp ei liste over alle dei opne bileta slik at du kan velja kva bilete du vil arbeida med. Du kan oppnå det same ved å klikka på eit biletvindauge i multi-vindauge-modus eller ei biletfane i enkelt-vindauge-modus.

    Viss du brukar GIMP på eit Unix-liknande operativsystem med X Window System, kan du også dra og sleppa miniatyren til ein tilgjengeleg XDS filhandsamar for å lagra det tilhøyrande biletet direkte.

[Notat] Notat

GIMP opnar alltid med den penselen, farge og mønster som du brukte då du avslutta programmet. Dette fordi Lagra innstillingar for inndataeiningar ved avslutning i brukarinnstillingane/Inneiningarer merkt som standard. Viss du fjernar markeringa her, vil GIMP bruka den same fargen, penselen og mønsteret heile tida.