4.5. Å beskjere eit bilete

Figur 3.22. Eksempel på beskjering

Eksempel på beskjering

Originalbiletet

Eksempel på beskjering

Etter beskjeringa


Beskjeringg er å klippa bort delar av biletet. Det kan vera mange grunnar for å gjera dette. Kanskje ønskjer du at biletet skal fylla ei ramme eller du føler for å fjerna ein ubrukbar bakgrunn for å framheva hovudmotivet betre. Du kan aktivera beskjeringsverktøyet ved anten å klikka på symbolet i verktøykassa (den enklaste måten) eller frå menyen VerktøyTransformeringsverktøyaBeskjer. Når beskjeringsverktøyet er aktivt, vil markøren forandra seg, og du kan klikka på eit vald startpunkt og dra eit rektangel ut på biletet så lenge du held museknappen nede.

Figur 3.23. Marker området som skal beskjerast

Marker området som skal beskjerast

Klikk på eitt av hjørna i klippeområdet og dra musepeikaren for å få fram beskjeringsrektangelet. Skulle du ha vore litt unøyaktig, kan du finjustere seinare.

Figur 3.24. Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Innstillingane for beskjeringsverktøyet
Innstillingane for beskjeringsverktøyet med fast sideforhold
Innstillingane for beskjeringsverktøyet
Beskjeringsrektangelet med fast sideforhold

Når klikk og dra er utført, vert eit rektangel med spesielle område synleg på biletet. Når du flyttar markøren over dei spesielle områda, endrar han utsjånad. Du kan no dra i hjørna eller kantane på rektangelet for å endra storleiken på rektangelet. Som vist i biletet over, vert storleiken og sideforholdet for rektangelet vist på statuslinja. Dobbeltklikk inne i rektangelet eller trykk Enter for å fullføra beskjeringa. Du finn meir om beskjering i Del 4.4, «Beskjering».

Viss du ønskjer å beskjera biletet i eit bestemt sideforhols, for eksempel eit kvadrat, må du sjå etter at verktøyinnstillingane er synlege (VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar). I dialogvindauget Verktøyinnstillingar merkjer du av for Fast sideforhold. Skriv inn det ønskte sideforholdet i tekstboksen, for eksempel 1:1.

Det er også knappar for å endra retninga frå liggjande til ståande. Når du har skrive inn sideforholdet, dreg du i eitt av hjørna til rektangelet for beskjering for å endra utsjånaden. Rektangelet skal behalda sideforholdet.