3.4. Dialogen for mønsterelement

I GIMP er eit mønsterelement eit lite bilete som vert brukt for å fylle ut område ved at kopiar av biletet vert lagt side om side. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne mønsterelement, i avsnittet mønsterelement.

Mønsterelementa vert brukte med verktøya fyll og klone og i kommandoen fyll med mønsterelement.

Du vel mønsterelement ved å gå inn på dialogen for mønsterelementa og klikke på det elementet du ønskjer. Det valde mønsteret vert vist i verktøykassa i området Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar. Det følgjer med eit nokså tilfeldig utval av mønsterelement når du installerer GIMP, men det er heldigvis lett å lage nye.

3.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • Frå verktøykassa ved å klikka på det gjeldande mønsterelementet i området pensel/mønsterelement/fargeovergang (dersom du har merka av for «Vis aktive penslar, mønsterelement og fargeovergangar» i «Brukarinnstillingane».

  • from the main menu: WindowsDockable DialogsPatterns;

  • from the Tab menu in any dockable dialog by clicking on and selecting Add TabPatterns.

  • From the Tool Options dialog of the Clone tool and the Bucket Fill tool, by clicking on the pattern source button, you get a pop-up with similar functionality that permits you to quickly choose a pattern from the list; if you clic on the Bucket Fill button present on the right bottom of the pop-up, you open the real pattern dialog. Note that, depending on your Preferences, a pattern selected with the pop-up may only apply to the currently active tool, not to other paint tools. See the Tool Option Preferences section for more information.

3.4.2. Å bruke dialogen

Rutenett/Liste-modus

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus vert mønstra viste i ein todimensjonal tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire mønsterelement samstundes, er det lett å velje det du har bruk for. I listemodus vert mønsterelementa sett opp i ei liste som også viser namnet på mønsterelementa.

[Tips] Tips

I dialogvindauget vert alle mønsterelementa viste i same storleik. Dersom mønsterelementet er større enn denne ramma, vert berre ein del av elementet vist. Dette gjeld både i listemodus og i tabellmodus. Ønskjer du å sjå elementet i full målestokk, klikkar du på det og held nede museknappen ei lita stund.

[Notat] Notat

I fanemenyen kan du finne kommandoen Storleik på førehandsvisinga som gir deg høve til å velje mellom ulike visingsformat.

Figur 15.37. Dialogen for mønsterelementa

Dialogen for mønsterelementa

Listeform

Dialogen for mønsterelementa

Tabellform


Å bruke dialogen (tabellform)

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på det aktive mønsterelementet og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege mønsterelement med det aktive elementet utheva. Klikkar du på eit av dei andre elementa, vert dette det aktive, noko som vert vist ved at det dukkar opp i verktøykassa.

Å bruke dialogen (listeform)

I denne visinga vert mønsterelementa viste som ei liste saman med namn og format på kvart element. Også her kan du klikke på eit element for å gjere det til det aktive.

Dersom du dobbelklikker på eit mønsternamn, får du høve til å skrive inn eit nytt namn. Dette er likevel avgrensa til å gjelde mønster du sjølv har laga eller lagt inn. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjere noko med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykkjer Enter, vert det gamle namnet det einaste som er i bruk.

Alt i listemodus verkar elles slik det gjer det i tabellmodus.

Duplicate Pattern

Pressing this button make a copy of the current pattern. It will have the same name as the original but with «copy» added to it.

Fjern mønsterelement

Trykkjer du på denne knappen, vert mønsterelementet fjerna både frå dialogen og frå den personlege patterns-mappa di. Merk at du kan fjerna berre dei mønsterelementa som ligg i filer du har skrivetilgang til. Du kan såleis ikkje fjerna mønsterelement som vart installerte saman med GIMP eller er installerte i systemmappa patterns.

Oppdater mønsterelementa

Trykk på denne knappen for å la GIMP leite gjennom mønsterfilene for å legge eventuelle nye mønsterelement til lista. Dette er enklare enn å starte GIMP på nytt for å laste inn nye mønsterelement du måtte ha lagt til i mappa.

Opne mønsterelement som bilete

Klikk på denne knappen for å opna det gjeldande mønsterelementet i eit nytt biletvindauge slik at du kan redigera det. Diverre kan du (førebels) normalt ikkje lagra resultatet som «.pat»-fil, sjølv om du gir det nytt namn. Du får meldinga «Denied permission» (ikkje tilgang) fordi desse biletfilene er i «root». Sidan Windows på dette området er meir open, kan du derimot lagra dersom du bruker denne plattforma.

3.4.2.1. Patterns Context Menu

Figur 15.38. Patterns Context Menu

Patterns Context Menu

Oversyn

You can get the patterns context menu by right clicking on a pattern. Most of the operations on patterns are also available through buttons at the bottom of the patterns dialog. Those operations are documented there.

Open Pattern as Image, Fjern mønsterelement, Oppdater mønsterelementa

See Patterns Dialog.

Copy Pattern Location

Copy Pattern Location allows you to copy the path of the selected pattern to the clipboard.

Vis i filhandsamaren

Show in File Manager opens the location of the pattern in the default File Manager on your system.

3.4.3. Tagging

Du kan bruke taggar for å reorganisere visinga av palettane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

3.4.4. Mønster på utklippstavla

Når du bruker kommandoane kopier eller klipp ut, vert det lagt inn ein kopi av biletmønsteret i øvre, venstre hjørne i dialogvindauget for mønster. Denne vert ståande til du bruker kopier- eller klipp ut-kommandoen igjen. Biletet forsvinn når du lukker GIMP.

Figur 15.39. Eit nytt «tavlemønster» på utklippstavla

Eit nytt «tavlemønster» på utklippstavla

[Notat] Notat

You can save this clipboard pattern with EditPaste asPaste as New Pattern… as soon as it appears in the Patterns dialog. See Del 3.12.5, «Lim inn som nytt mønsterelement».