Figur 7.23. Eksempel på fargeovergangar
Ovanfrå og ned: Forgrunn til bakgrunn (RGB); Full saturation spectrum CCW; Nauseating headache; Browns; Four bars
A gradient is a set of colors arranged in a linear order. The most basic use of gradients is by the Gradient tool, sometimes known as «gradient fill tool»: it works by filling the selection with colors from a gradient. You have many options to choose from for controlling the way the gradient colors are arranged within the selection. There are also other important ways to use gradients, including:
Kvart av dei grunnleggjande GIMP-verktøya kan brukast saman med fargeovergangar. Dette kan mellom anna nyttast for å lage målingstrøk som skifter farge undervegs.
Med dette filteret, som du finn i fargemenyen under avbilding, kan du «fargeleggje» eit bilete ved å bytte ut fargane i biletet med fargane frå den gjeldande fargeovergangen. Dette vert gjort ved at mørke fargar i biletet vert bytt ut med fargane til venstre i fargeovergangen, medan dei lyse fargane vert bytte ut med fargane frå den høgre sida i overgangen. Du finn meir om dette i Del 8.39, «Fargelegg frå fargeovergang».
GIMP vert levert med mange ferdigdefinerte fargeovergangar. Du kan også lage nye, eller laste inn frå andre kjelder. (Søk på Internett etter «gradient»). Du har full tilgang til alle fargeovergangane frå Fargeovergangsdialogen, som er ein dialog du kan kalla fram når du treng han, eller du kan legge han inn som ei fane i ein annan dialog. Den gjeldande fargeovergangen, brukt i dei fleste fargeovergangsoperasjonane, vert vist i indikatorområdet i verktøykassa. Klikkar du på fargeovergangsbiletet, dukkar dialogen for fargeovergangane opp.
Many quickly examples of working with gradient (for more information see Gradient Tool):
Å fylle eit uval med ein fargeovergang:
Vel ein fargeovergang
Bruk blandeverktøyet for å klikke og dra med musepeikaren mellom to punkt i utvalet.
Fargane vert fordelte loddrett på draretninga og i høve til dralengda.
Å teikne med fargeovergang
For å kunne bruka fargeovergangar med verktøya blyant, målarpensel og luftpensel, må du velje dynamikken Farge frå fargeovergang. Vel deretter ein høveleg fargeovergang frå Fargeinnstillingar og set lengd og gjentakingstype i Innstillingar for uttoning. Du kan finne meir om desse innstillingane i kapitlet Del 3.2.6, «Innstillingar for penseldynamikk».
I eksemplet nedanfor kan du sjå opplegget brukt med blyanten. Du kan her sjå resultatet med dei viste innstillingane.
Ulike resultat med same fargeovergangen:
Figur 7.26. Å bruke fargeovergangane
Fire eksempel på bruk av fargeovergangen «Tropical Colors»: Fyll med form sett til lineær og form sett til forma. Teikning med farge frå fargeovergangen og heilt til høgre ein strek teikna med diffus pensel og deretter fargelagt med filteret «fargelegg frå fargeovergang».
Nokre nyttige opplysningar om GIMP sine fargeovergangar:
Dei øvste fem fargeovergangane i fargeovergangsmenyen er spesielle fordi dei nyttar dei gjeldande forgrunns- og bakgrunnsfargane i GIMP i staden for faste fargar. (Svart vert bytta ut med forgrunnsfargen og kvit med bakgrunnsfargen). Valet Forgrunn til bakgrunn (RGB) gir ein gradvis overgang, i fargemodus RGB, frå forgrunnsfargen til bakgrunnsfargen som vert vist i verktøykassa. Valet Forgrunn til bakgrunn (HSV mot klokka) lager ein gradvis overgang på fargesirkelen frå den valde kuløren til 360°. Valet Forgrunn til bakgrunn (HSV med klokka) gjer det same, men frå den valde kuløren til 0°. Med valet Forgrunn til gjennomsiktig vert den valde fargen meir og meir gjennomsiktig. Valet Forgrunn til bakgrunn (Hard kant) er ikkje ein vanleg fargeovergang, men eitt brått skifte mellom fargane. Sidan du kan bestemme forgrunnsfarge og bakgrunnsfarge med fargehentaren, kan du såleis lage overgangar mellom akkurat dei fargane du ønskjer.
Fargeovergangane treng ikkje berre nyttast på fargar, men kan også endre kor gjennomsiktig eit bilete eller eit lag skal vere. Nokre av fargeovergangane er heilt opake (ugjennomsiktige), medan andre kan innehalde transparente (gjennomsiktige) område. Når du fyller eller malar med ein gjennomsiktig fargeovergang, vil det underliggande laget skina gjennom den nye teikninga. Du får rett og slett ein laseringseffekt.
Du kan lage dine eigne fargovergangar med Fargeovergangshandteraren. Du kan ikkje endre fargeovergangane som følgjer med GIMP, men du kan kopiera dei, eller laga nye, og så redigera desse.
Fargeovergangane som følgjer med GIMP er lagra i systemmappa gradients
. Dei fargeovergangane du lagar sjølv, vert automatisk lagra i mappa gradients
i den personlege GIMP-katalogen din. Når du startar GIMP, vert alle fargeovergangsfilene, dvs. filer med filutvidinga .ggr
), lasta inn automatisk. Du kan legge inn fleire katalogar eller mapper i søkevegen GIMP nyttar ved å gå inn på fanen for fargeovergangar på sidene for datamapper i brukarinnstillingane.
GIMP can also load gradient files in SVG format, used
by many vector graphics programs. To make GIMP load an
SVG gradient file, all you need to do is place it in the
gradients
folder of your personal
GIMP directory, or any other folder in your gradient
search path.
![]() |
Tips |
---|---|
Du kan finne mange interessante SVG-fargeovergangar på Internett (søk på «gradient»), spesielt i OpenClipArt Gradients [OPENCLIPART-GRADIENT]. Du kan ikkje sjå korleis desse filene ser ut med mindre du har ein nettlesar som støtter SVG-formatet, men du kan i alle tilfelle lasta dei ned. |