I denne avdelinga kan du lære korleis du kan lage enkle objekt i GIMP. GIMP har ei stor samling verktøy og snarvegar som kan gjere nybyrjaren heilt fortapt. Heldigvis er det, som du vil sjå, ikkje så vanskeleg.
La oss byrje med å teikne ei rett linje. Den lettaste måten er å gjere dette med eitt av teikneverktøya, datamusa og tastaturet.
Prosedyre 7.1. Å teikne ei rett linje
Opprett eit nytt bilete og finn fram favoritten din blant teikneverktøya eller bruk blyanten dersom du er i tvil. Vel eventuelt ein passande forgrunnsfarge. Forsikra deg om at forgrunn- og bakgrunnsfargane er ulike. (Normalt er forgrunnsfargen svart og bakgrunnsfargen kvit).
Lag eit startpunkt ved å klikke på området for biletvisinga med den venstre museknappen.
Etter at du har markert startpunktet for linja, held du nede Shift-tasten medan du flytter musepeikaren til der du ønskjer linja skal slutte. Du vil sjå ei tynn linje som indikerer kvar streken din vil hamna.
Figur 7.36. Linja etter det andre klikket
Når du er nøgd med plasseringa av linja, slepp du opp museknappen og linja er permanent.
If you're satisfied with the direction and length of the line, click the left mouse button again to finish the line. GIMP displays a straight line now. If the line doesn't appear, check the foreground and background colors and be sure that you kept the Shift key pressed while painting. You can keep creating lines by continuing to hold the Shift key and creating additional end points.