3.2. Dialogvindauget for penslar

Figur 15.29. Dialogvindauget for penslar

Dialogvindauget for penslar

Dialogvindauget «Penslar» vert brukt til å velja ein pensel, for bruk med teikneverktøya: sjå penslar for grunnleggjande informasjon om penslar og korleis dei vert brukte i GIMP. Dialogvindauget gjev deg også tilgang til fleire funksjonar for å handsama penslar. Du kan velja ein pensel ved å klikka på han i lista: han vert då vist i området «Pensel/mønster/fargeovergang» i verktøykassa. GIMP kjem med dusinvis av penslar der skilnaden mellom dei kan vera storleiken, sideforholdet og vinkelen. Desse kan du justera i i verktøyinnstillingane. Du kan også laga eigendefinerte penslar ved å bruka penselredigeraren eller ved å lagra bilete i eit spesielt filformat for penslar.

3.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå verktøykassa ved å klikka på penselsymbolet i området pensel/mønsterelement/fargeovergang (dersom du har merkt av for «Vis aktive penslar, mønsterelement og fargeovergangar» i brukarinnstillingane.

  • Frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugePenslar,

  • frå fanemenyen i eit anna dialogvindauge ved å klikka på fana og velja Legg til fanePenslar.

  • frå dialogvindauget for innstillingane av teikneverktøya ved å klikka på penselsymbolet. Det kjem då opp ei liste over alle tilgjengelege penslar. Heilt nede til høgre i denne lista er det ein knapp som opnar den vanlege penseldialogvindauget.

    Det forenkla penseldialogvindauget

    Dette dialogvindauget har fem knappar som vert forklarte med «sprettopptekstar» når du held musepeikaren over dei:

    • Vis mindre

    • Vis større

    • Vis som liste

    • Vis som rutenett

    • Opna dialog for val av pensel

    Penslane du vel frå oppsprettmenyen kan anten gjelda for alle teikneverktøya eller berre for det aktive verktøyet. Dette er avhengig av korleis du har sett opp Del 6.7, «Verktøyinnstillingar».

3.2.2. Å bruke dialogvindauget for penslar

3.2.2.1. Tabell/Liste

I fanemenyen har du valet mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellmodus vert penslane viste i ein rektangulære tabell. Sidan du kan sjå forma på fleire penslar samstundes, er det lett å velje den du har bruk for. I listemodus vert penslane sett opp i ei liste som viser penselomrisset og namnet på penselen.

Valet Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen gir deg høve til å bestemma storleieken på førehandsvissinga av penselen.

Figur 15.30. Penseldialogvindauget

Penseldialogvindauget

Vis som rutenett

Penseldialogvindauget

Vis som liste


Tabellform

Øvst i dialogvindauget finn du namnet på den aktive penselen og storleiken målt i pikslar.

I midten finn du eit oversyn over alle tilgjengelege penslar. Den gjeldande penselen er ramma inne.

Listeform

Stort sett verkar dialogvindauget på same måte i listeform som i tabellform, med eitt unntak:

Dersom du dobbelklikkar på eit penselnamn, vil du opna for penselhandsamaren slik at du kan redigera penselen. Redigeringa er likevel avgrensa til å gjelda penslar du har laga eller lagt inn sjølv. Dei som følgjer med GIMP kan du ikkje gjera noko med. Rett nok kan du tilsynelatande endra namnet, men så fort du trykkjer Enter går forandringane tilbake til slik dei var. Dette er ein generell regel i GIMP. Du kan ikkje gjera forandringar i noko som kjem ferdiginstallert, berre i ting du har lagt inn sjølv.

3.2.2.2. Førehandsvising av pensel

Figur 15.31. Penseldialogvindauget

Penseldialogvindauget

Når du klikkar på førehandsvisinga av ein pensel, vert denne den aktive penselen som vert vist i penselområdet i verktøykassa og i innstillingane for penselverktøya. Når du dobbeltklikkar på førehandsvisinga av ein pensel, opnar du penselredigeringa. Du kan også klikka på knappane nedst i vindauget for å utføra ulike handlingar på penslane.

Dei små symbola i nedre, høgre hjørne av penselsymbolet betyr:

  • Eit blått hjørne fortel at penselen er vist i full storleik. Desse penslane kan dupliserast.

  • Eit lite kryss fortel at penselen er vist forminska. Du kan få fram visinga i full storleik ved å klikka på penselsymbolet.

  • Eit raudt hjørne fortel at penselen er ein mønsterpensel. Du kan venstreklikka på penselsymbolet for å spele av animasjonen.

3.2.2.3. Tagging

Du kan bruke taggar for å reorganisere visinga av penslane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

3.2.2.4. Knappane nedst

Nedst i dialogvindauget finn du ein glidebrytar og ein del knappar:

Mellomrom

Glidebrytaren «Mellomrom» bestemmer avstanden mellom penselavtrykka når du stryk penselen bortover teikneflata. Avstanden er i prosent av penselbreidda.

Rediger pensel

Trykk på denne for å opna penselhandsamaren. Knappen vil opna handtsamaren for alle penslar, men du kan berre redigere parametriske penslar, dvs. slike du har lagt inn sjølv. Andre typar penslar vert viste i handsamaren, men du kan ikkje gjera noko med dei.

Ny pensel

Denne knappen lagar ein ny parametrisk pensel med startverdiane for ein liten, rund pensel med diffust avtrykk. Deretter vert penselhandsamaren opna slik at du kan gjera dei forandringane som skal til for å få han slik du ønskjer. Den nye penselen vert lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Dupliser penselen

Denne knappen er berre tilgjengeleg dersom den aktive penselen er parametrisk. Knappen lagar i tilfelle ein kopi av den aktive penselen og opnar penselhandsamaren opna slik at du kan forandre kopien. Resultatet vert lagra automatisk i den personleg brushes-mappa di.

Slett penselen

Dette valet er berre tilgjengeleg for parametriske penslar. Eit trykk på denne knappen vil fjerne alle spor etter penselen, både frå dialogvindauget og frå lagringsmappa dersom du har lov til å gjere det. Du vert beden om å stadfesta slettinga.

Oppdater penslane

Dersom du har lagt inn penslar i mappa brushes eller i andre mapper i søkestien for penslar, på andre måtar enn med penselhandsamaren, vil eit trykk på denne knappen oppdatere lista og gjere penslane synlege i dialogvindauget.

Opne pensel som bilete

Sidan GIMP versjon 2.10.10 kan du redigera dette biletet og velja RedigerLim inn somLim inn som ny pensel…. Dette skil seg frå Del 3.2.3, «Penselhandsamaren» dom tillet å endra ein pensel som finst.

Du kan også kalla opp funksjonane til desse knappane frå oppsprettmenyen som dukkar opp når du høgreklikkar ein eller annan stad i pensellista, eller ved å velje dei frå fanemenyen Penselmeny.

3.2.2.5. Sprettoppmenyen for penslar

Figur 15.32. Sprettoppmenyen for penslar

Sprettoppmenyen for penslar


Du får fram sprettoppmenyen for penslane ved å høgreklikka på eit av penselsymbola. Her finn du mellom anna val for å laga nye elliptiske eller rektangulære penslar, med eller utan mjuke (diffuse) kantar. Desse penslane er ikkje parametriske.

Dei fleste kommandoane er forklarte under knappane, unnataka vert forklarte nedanfor.

Kopier adressa for penselen

Kopier penseladressa vert brukt for å kopiera adressa for penselen til utklippstavla. Ved hjelp av kommandoen FilOpna adresse kan du deretter opna penselen som eit nytt bilete.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamaren opnar plasseringa av penselen i filhandsamaren.

3.2.3. Penselhandsamaren

Figur 15.33. Dialogvindauget for penselredigering

Dialogvindauget for penselredigering

Penselhandsamaren aktivert for ein ny pensel.


Du kan bruke penselhandsamaren for å studera parametera for ein pensel som vart levert med GIMP, men du kan ikkje gjera endringar. Du kan derimot laga ein ny pensel ved å klikka på knappen Ny pensel og laga ein heilt ny pensel ut frå ein geometrisk figur. Penselhandsamaren har fleire innstillingar:

Dialoglinja: Som med alle dialogvindauge, kan du også i penselhandsamaren henta fram ein meny ved å klikka på det vesle triangelet oppe til høgre. Denne menyen gjev deg høve til å setja ein del innstillingar for dialogvindauget.

Tittellinja: Her skriv du inn namnet på den nye penselen.

Område for førehandsvising: Alt du gjer av forandringar på penselen vert viste her så snart dei er utført.

Innstillingar:

Form

Sirkel, kvadrat og rombe er tilgjengeleg. Du kan endra dei ved å bruka desse innstillingane:

Radius

Avstanden frå sentrum og ut til kanten målt i breidderetninga. Nemninga «radius» vert brukt også for kvadrat og rombe. Eit kvadrat eller ei rombe med ein radius på 10 pikslar vil få ei 20 piksel lang side.

Spissar

Dette valet bestemmer i store trekk kor mange hjørne kvadratet eller romba skal ha og skulle difor ikkje ha nokon innverknad på sirkelen. Det har han likevel. Berre prøv. Dersom du aukar spissane, vert eit kvadrat til eit polygon, medan ei rombe vil få meir og meir form av ei stjerne. Det same gjeld faktisk meir eller mindre også for sirkelen.

Hardleik

Her bestemmer du kor hardt penselen skal teikna. Verdien 0,00 gir ein svært diffus pensel, medan 1,00 gir ein markert overgang.

Breidde- og høgdeforhol

Denne kontrollen bestemmer forholdet mellom breidde og høgde i penselen. Ei rombe med radius på 5 pikslar og forholdet = 2, vil ende opp med ei breidde på 10 og ei høgde på 5 pikslar. Skalaen går frå 1,0 til 20,0.

Vinkel

I utgangspunktet går penselbreidda på tvers av skjermen, altså ein vinkel på 0° i høve til horisontalen. Denne funksjonen vrir penselen med klokka så mange grader som du bestemmer. Skalaen går frå 0° til 180°.

Mellomrom

Når du teiknar ei linje med penselen, vert det eigentleg sett av avtrykk av penselen med passelege mellomrom. Dersom det er kort avstand mellom mellomromma, dvs. verdien sett til 1, vil avtrykket gi inntrykk av å vere ei heil linje. Er avstanden stor, vil du kunne sjå mellomromma. Linja vert stipla. Denne kontrollen har eit område frå 1,00 til 200,0.

3.2.3.1. Sprettoppmenyen for penselredigeringa

Redigeringsvindauget har ein sprettoppmeny som kan opnast frå det vesle triangelet i menyen og så velja Meny for penselredigering. Det har berre éi innstilling.

Rediger gjeldande pensel

Når slått på, vil redigeringsvindauget for penslar automatisk lasta inn den gjeldande penselen. Når slått av, vil redigeringsvindauget ikkje endra seg når den gjeldande penselen vert endra.

3.2.4. Tavlepenselen

Når du brukar kopierkommandoen vert kopien også lagt til i det øvre, venstre hjørnet i penseldialogvindauget. Penselen vert ståande der til du bruker kopierkommandoen igjen, men forsvinn når du lukkar GIMP.

Figur 15.34. Tavlepenselen

Tavlepenselen

[Notat] Notat

Du kan lagra denne penselen i utklipstavla med kommandoen RedigerLim inn somLim inn som ny pensel så snart han dukkar opp i penseldialogvindauget. (Sjå Del 3.12.4, «Lim inn som ny pensel».)